Å bøye seg i vørdnad
-
Akkurat som i grannespalta
vil eg la Arne Garborg kome til orde:
"Eg bøyer meg mykje djupare for ein god skomakar
enn for ein halvgod kunstnar."
Rørt og takksam i hjarta
bøyer eg meg over arbeidsbenken.
Kjære Arne.
Mine yrkesbrør kunne nok ikkje lage fotebunad
til dine haugbukkar og alvar.
Men lauparskor til Veslemøy sydde vi,
så ho kunne danse over tuvene i "Elsk",
og trø tungt i myra etter "Vond dag".
Og kona di, Arne,
til henne sauma vi bunadsko
av det finaste lêr,
og dansarsko med gagns bekatråd
som heldt både i sidesteg og attsteg
og ein springar utpå kvelden.
For ein skomakar
er det naturleg å bøye seg
for alle som treng sko.
Men av og til fell det ei gledeståre
ned på overlêret.
Lappeskomaker`n -
Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Kommentarer
blog comments powered by Disqus