Engelskinvasjonen i norsk

Etter dei nye retningslinene til regjeringa vil no norske skuleelevar få obligatorisk undervisning i engelsk så å seia i alle skuleåra. Språkrådet har nokså tafatt peika på dei uheldige verknadene ved at engelsk meir og meir tek over for norsk på universiteta blant anna, og ein kan spørja seg om ikkje denne engelskinvasjonen svekkjer kjensla for god norsk språkføring.


Døma er legio (ikkje you name it). Suga har fått ei negativ tyding , ein adresserer ikkje lenger berre eit brev, men også menneske. Mange skriv i livene våre og dei rista på hodene jamvel om ein etter norsk språktradisjon (ikkje trend) skal bruka eintal når det dreier seg om at kvar og ein har eitt: eit liv, eit hovud. Det er berre troll som kan rista på hovuda sine. På to omkverv ser det ut som engelsken møter motstand. Det gjeld særskriving av ord: Ananas biter ,lamme lår, og ein malplassert apostrof: Per’s butikk. Elles brøyter engelsk seg fram.


Skal tru om det ikkje er bokmålet som vert mest ramponert. Nynorskfolket er nok meir språkmedvitne og ser fåren. Ein målmann må vedgå at bokmålet på mange måtar er eit rikt og smidig språk, mykje takk vere at det er ei forlenging av dansk, tysk og nederlandsk/plattysk med stort innslag av lånord frå fransk , latin og gresk. Men mange av desse orda og ordlagingane går i gløymeboka, den yngre generasjonen nyttar dei ikkje. Jeg synes, tror, mener, antar, går ut ifra, vil hevde , supponerer at vert no erstatta med Jeg tenker, føler at – heilt etter engelsk mønster. Og det er det (ikkje and that was that) . Engelsken svekkjer dessutan sansen for skilnad på sin/si/sitt/sine og hans/hennar(hennes)/deira (deres) .På engelsk gjer ein ikkje skilnad, på norsk kan det ikkje stå slik ein fann det i ei avis under eit foto: Mandela lekebokser med en yngre proffbokser i huset hans når meininga er i huset sitt.


Journalistar sit med nasen (ikkje nasane sine) i engelsk tekst og set om utan å vera støe i norsk og utan gode kunnskapar om litteratur: En kopi av den kjente franske forfatteren Marcel Prousts roman Swann’s way er blitt solgt for 1,5 millioner euro, stod det i ei osloavis her om dagen. . Copy på engelsk kan tyda eksemplar på norsk, og dreier det seg om ei førsteutgåve, heiter nok boka Du côté de chez Swann (omsett til norsk med tittelen Veien til Swann)
Bokmålet er framleis unorsk i den meininga at rotnorske ord og seiemåtar vert oppfatta som norvagismar. Det er ikkje mange som slepp til i aftenpostennorsken: Søknad, bunad, saumfare og liv laga (eigenleg liv lage) er av dei fåe døma. Bunad vert dessutan berre nytta om nasjonaldrakt, ikkje i den vide meininga ordet har på norsk: husbunad, klednad generelt. Interessant er bruken av stoda (ofte skrivi ståa) og heimen. Det verkar som det finst ei kjensle av at ordet heim er meir intimt og koseleg, nærare hjarta enn hjem. Men sjeldan vert ståa og i heimen nytta utan eit svip av ironi. Heimenorsk er ikkje heilt comme il faut hjå bokmålsfolka. Dessutan nyttar dei hokjøn stort sett berre i ein landleg kontekst: geita, kua, hytta, marka. Tryvasstua ligg nok for nære byen til at ein kan unngå bastarden Tryvannsstua, men det dreier seg trass alt om stua. . Straks ein kjem til byen, skal det heita Majorstuen. (Historiske målskilje mellom aust og vest blir òg haldne oppe på trikken. I høgttalaren høyrer ein Brugata, så Stortorvet). Denne mothugen mot å bruka norsk er nok ei av forklåringane på kvifor engelsk får slikt innpass. Open er heilt greitt når det er engelsk, men bondsk når det er norsk. Grasrota er lån frå engelsk , ikkje frå norsk folkemål, Song festival i Gamlebyen kan det godt stå på ein plakat, men ingen ville våga seg til å skriva Songfestival (i eitt ord) om ein då ser bort frå Bondeungdomslaget.


Engelsk er ikkje morsmålet i eit einaste land på det europeiske kontinentet og framleis heller ikkje i Norden – jamvel om mange ser ut til å ha gløymt det. Tidlegare kom ein seg godt fram i Island med dansk/norsk, for ikkje å seia gamalnorsk (men kven lærer vel lenger det?), og på svensk i Finland. No talar visst yngre danskar og nordmenn engelsk seg imellom, og dette på ei tid då brexit vil svekkja engelskens stilling i EU. Med eit britisk farvel vil arbeidsspråka verta tysk og fransk åleine . Kan henda gjer regjeringa den nye generasjonen ei bjørneteneste ved einsidig satsing på engelsk; for brukande tysk og fransk lærer ikkje elevar lenger i den mellomgode norske skulen. Og det er sjølvsagt nyttelaust å peika på at russisk vert tala i over helvta av Europa geografisk sett. I vesteuropeisk oppfatning ligg Moskva tusenvis av mil lenger borte enn New York. Ein treng ikkje byggja ein mur mellom aust og vest i Europa, den mentale, kulturelle muren veks seg høgare år for år.


Det er nok illusorisk å krevja jamstilling mellom tysk, fransk, engelsk og russisk i norsk skule – det vil seia at elevane fritt kan velja første framandspråk - , men kan henda vil ein koma dit ein gong i framtida.

Ein kan sjølvsagt argumentera med at engelskopplæring er viktig; det er verdsspråket par excellence, men skal norsk og store språk heilt verta skovne til sides av den grunn?

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering